Kjært og nært - Arne Torget

Arrangementsinformasjon

Noregs beste og løgnaste stuntpoet, Arne Torget, besøker Skudeneshavn kulturhus i desember.

Arne Torget er frå Husnes, og er kjent over heile landet for sine dikt, som spenner frå det mest rørande, til det hysterisk løgna. Han er ein fantastisk ordkunstnar og standup-komikar, og bør opplevast live.

I forrige utgåve av Norske Talenter nådde Arne heilt til semifinalen, så dette er ein kar som slår an i det ganske land.

Arne likar å dikta om aktuelle ting, og har laga eit eige dikt om dette spesielle året, som har blitt delt av mange på Facebook. Du kan sjå han framføre diktet sjølv her:

https://www.nrk.no/video/stuntpoet-arne-torget-leser-koronadiktet-han-kjem-den-dagen_8d0e5519-f4da-4b79-a06c-affdd48636c5

Når Arne kjem på besøk er det snart jul, og det har han sjølvsagt også dikta om. Bli med på ein kveld med lått og løye, og få med deg ein makelaus historieforteljar!



arnetorget
stuntpoet
kulturikarmoy
skudeneshavn
skudenes
julebyenskudeneshavn
skudeneskulturhus
skudeneshavnkulturhus

Restriksjoner

Maks 2 billetter per transaksjon pga registrering av billettkjøper. Billetter må hentes ut på forhånd, og vi oppbevarer navn og telefonnummer 14 dager etter arrangementet er avholdt. Hold deg hjemme dersom du føler deg syk. God fornøyelse!